Leilegheit for 1-4 personar
Loen Apartments ligg ved riksveg 60, med kort avstand til butikk, restaurantar og Loen Skylift. Leilegheitene har 1 soverom og plass til 4 personar dersom ein reier opp sovesofaen i stova. Dei er godt utstyrt til å lage mat sjølv eller ein kan nytte seg av Loen sine kafear og restaurantar.
- 55 kvm 
- 1 soverom med dobbeltseng (enkle sengar) 
- Stove med spiseplass 
- Sovesofa med plass til 1 vaksen eller 2 born. 
- Babyseng kan bestillast. 
- Bad med dusj og WC (inngong via soverom) 
- Fullt kjøken med oppvaskmaskin, ovn, kjøleskap, frysar og Nespresso kaffimaskin 
- Vaskemaskin 
- TV (HDMI inngang, men gjest må ta med eigen kabel. Kanalar: NRK1, 2 og 3) 
- WiFi 
- Balkong 
- Stor bod 
- Gratis parkering rett utanfor bygget 
Fri Wi-Fi, TV, pålagt sengetøy, inkl. vask av rom og bad. Kjøken må gjestar vaske sjølve. Ved gløymt kjøkenvask vert minimum 1 time a kr 500,- fakturert.
Kjæledyr er ikkje tillete i leilegheitene.
Beskrivelse gjeld leilegheitene 1 og 7.
Avbestillingsfrist: Tre dagar før ankomst. Betingelsar finn du her.
 
              
             
               
               
               
               
               
               
               
               
               
              