IMG_6387.jpg

Leilegheitene

Loen Apartments har åtte nyoppussa leiligheter i to kategoriar. Sengetøy (pålagt ved ankomst) og handkle er inkludert. Babyseng kan bestillast. Alle leilegheitene har TV, gratis Wi-Fi, og det er gratis parkering rett utanfor bygget. Alle leilegheitene har store boder for oppbevaring skiutstyr o.l. Dei små leilegheitene har kun kokemuligheter, medan den store har komfyr. Tallerkar, bestikk, glas, koppar og kasseroller er i leilegheitene. Vask av leilegheitene er inkludert, men gjest må gjere reint på kjøkenet. Dersom kjøkenet ikkje er gjort reint (oppvask osv.) vil det kome eit tillegg på min. 1 arbeidstime a NOK 300,-. Innsjekk frå kl 15, og utsjekk seinast kl 12. Merk at det ikkje er tillete med kjæledyr i leilegheitene.

Mat og drikke

I gangavstand finn du Hotel Alexandra med fleire restaurantar og sommarhotellet Hotel Loenfjord med Fiskekroken Restaurant & Bar, og på toppen av fjellet finn du Hoven Restaurant (merk opningstidene). Kunne du tenke deg hotellfrukost i sommar? Bestill bord på Hotel Loenfjord. Her finn du full oversikt over serveringstilbodet i Loen.

Har du tenkt å lage mat sjølv anbefaler vi lokalbutikken Joker Loen, som ligg i gangavstand til Loen Apartments.

I Stryn sentrum, 11 km frå Loen, finn du også fleire kafear.

Loen Play

Vegg-i-vegg med Loen Apartments finn du leikeuniverset Loen Play, med med kjekke utfordringar for både kropp og hovud. Perfekt på grå dagar, og når dei vaksne har fått bestemme programmet litt for lenge. Buande hos oss får 50% rabatt på inngongsbilletten i Loen Play. Finn ut meir.

_BD_5028_2500_low.jpg

Opplevingar

Lokalisert midt i Loen er det kort veg til store opplevingar. I gongavstand finn du Loen Skylift, Via Ferrata Loen, kajakkutleige, sykkelutleige og eit vell av flotte vandrestiar. Vidare kan vi lokke med vakre Lodalen, Briksdalsbreen, Sommarski, klatrepark, surfing og mykje meir. Finn ut meir her